Ei kvinne forlèt familien i Tromsø og legg ut på ein odyssé som tek henne langs vestlandske vegar, til vanskjøtta gardar og inn i andre menneskes liv. Kollbotn skriv presist, ærleg og nådelaust om det unevnelege i liva våre.
Eva Ek er drosjesjåfør. Når vi møter henne, er ho på nattskift, køyrer rundt og tenkjer over livet og det som skjer i verda. Dagen etter set ho seg i bilen sin og køyrer av garde. Det held ho fram med heilt til ho køyrer på ein hjort på Vestlandet …
Ho haikar med Olaf som er inspektør i Dyrevernet eller liknande, og dei kjem til ein gard han har fått bekymringsmelding om:
«- Finst ikkje liv lenger. Bonden pip.
Olaf slepper taket i skjorta, og legg i staden armen rundt skuldra hans. Bonden forsvinn inn i armhola til Olaf. Vi er tre menneske her i tunet på Kvitfoss. Vi står og heng saman. Over oss blafrar eit flagg som skulle ha vore teke ned for lengst. Eg ser elvane gå kvite nedover fjellsidene.»