Isbrann (Ebok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2014
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.05 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202459123
Omtale Isbrann
Knut og Sissel flyttar frå byen til eit småbruk på Vestlandet for å starte eit nytt liv. Dei kjøper ein fjording og nokre sauer, og Knut vil drive garden på den gamle måten. Han prøver å lære seg alt som må til for å drive bruket, som slakting og lamming, vedlikehald og vedhogst. Han er også oppteken å stelle godt med både dyra og jorda. Sissel ønskjer seg barn, men ho snart for gammal og innser at adopsjon er løysinga. Etter månadar med berrfrost frys vatnet. «Med spaden skuflar han vekk snøen. Deretter tek han øksa og hakkar seg nedover. Fliser av is fyk rundt beina på han. Bitar treffer han i ansiktet, og han myser for å verne auga. For kvart hogg håpar han å sjå at det piplar vatn inn i hogg-gropa. Men ingenting skjer, stålisen er kompakt heilt ned, og i det vesle hòlrommet nedst, mellom is og elvebotn, er det tørt. Ytste delen av slangen i hardplast med diameter på sytti millimeter, er fylt med is. Klaka tvers igjennom. Ingenting å gjere anna enn å vente på våren.
Han held fram med å hogge, sjølv om han veit det er fåfengt. Han høgg av all kraft så is haglar rundt han. Egga treffer granitten med ein vond lyd.»

Til toppen