Tonedød (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 354
Forlag: Kagge
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788248929208
Omtale Tonedød
Ein verdsberømt saksofonist fell død om på scenen under Vossa Jazz. Etterforskinga rykker idylliske Voss ut av påskefreden, og den eigenrådige journalisten Agnes Tveit hamnar midt oppi eit livsfarleg drapsmysterium.

Saksofonisten Marta Tverberg fell død om på scenen berre minuttar etter at ho har halde ei flammande tale med kritikk av både jazzmiljø og festival. Seks hundre tilskodarar i salen er vitne til dramaet - blant dei mange som har hemmelegheiter den omdiskuterte divaen ikkje lenger kan røpe.

Agnes Tveit er midt i arbeidet med biografien om Tverberg og kjem snart tett på fleire av desse hemmelegheitene. Jazzdivaen frå Voss var aldri konfliktsky, tvert imot viser det seg snart at både naboar, kollegaer og tidlegare klassekameratar kan ha hatt motiv for drapet. Agnes startar si eiga etterforsking, men jo tettare ho kjem løysinga på drapsgåta, jo farlegare blir det også for henne. Midt oppi alt er ho nysingel, og det blir vanskeleg å halde hovudet klart i nærleiken av den ferske Vossa Jazz-sjefen, som også er Agnes sin store ungdomskjærleik.
Tonedød er ein ny, frisk vestlandskrim frå Randi Fuglehaug, for deg som likar eit smart plott og ei overraskande uhyggeleg løysing.

Til toppen

Andre utgaver

Tonedød
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2022
Tonedød
Nynorsk Ebok 2022

Flere bøker av Randi Fuglehaug: