Psst! (Heftet)

kubanske notat

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2000
Antall sider: 78
Forlag: Tom Rasmussen produksjoner
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788299524216
Omtale Psst!
Vi går ut på balkongen vår i 6.etasje for å nyte kveldsstemninga og lukkar balkongdørene bak oss. Kveldsstemninga er slik som berre ei kubansk kveldsstemning kan vere, raud himmel, skuggar over Mexicogulfen, eit rustent lasteskip som sig inn bak høghusa.
Då vi etter ei stund bestemmer oss for at det kan vere nok kveldsstemning og eit glas vin kan vere så attraktivt, oppdagar vi at døra er gått i lås. Ho lar seg ikkje rikke. Ikkje har ein brukbare dirkereiskapar i lomma, ingen muligheit til å stikke ting inn i sprekken, nada.
Vi kunne ha knust eit vindauge, men det er ein drastisk framgangsmåte, og sjølv då ville det vere ein lang veg inn. Så der står vi i kald vind frå Golfen, eg med ein sigar, ho med ei tom ølflaske, og ho begynner å rope av full hals til forbipaserande på gata, som viser ei forbløffande evne til å late som dei ikkje høyrer.
Eg tenkjer at det er slike ting eg stadig må oppleve for at eg skal ha noko å skrive om, og eg spør meg sjølv om det virkeleg er verd det.

Til toppen

Flere bøker av Ragnar Hovland: