Personar du kanskje kjenner (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 207
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252183788
Omtale Personar du kanskje kjenner
Innsiktsfullt om relasjonar og maktspel

Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar den han var før han blei ramma av hjernebløding, den suverene faren, levemannen, kompisen, han ho kunne snakke med om alt. I staden byrjar ho på historia om tre ulike kvinner, tre liv som etter kvart flettar seg saman.

Studina Mari forelskar seg i rettleiaren sin, men mister seg sjølv på vegen, skodespelerinna Live vil gå frå kjærasten sin, men følgjer i staden etter henne, åleinemora Anna prøver å finne fotfeste etter eit samlivsbrot.

Karakterane er svermande, påverkelege, søkande
personar du kanskje kjenner.

Macody Lund skriv innsiktsfull om korleis vi speglar og skaper oss sjølve i møtet med andre. Treffande viser ho fram maktspelet menneska kan gå seg vill i.

Til toppen

Andre utgaver

Personar du kanskje kjenner
Nynorsk Ebok 2015