Omtale
Naturfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok 2. utg.
Den nye utgåva av Naturfag 8–10 frå Cappelen Damm har ei praktisk tilnærming til naturfaget og er tett knytt til elevkvardagen. Bøkene byggjer den faglege tryggleiken elevane treng for å forstå kvifor og korleis vi skal ta vare på naturen, artane og oss sjølv.
Grunnbok 9 er delt inn i fem kapittel:
- Utviklinga av jorda
- Når klimaet endrar seg
- Grunnstoffa – universets byggeklossar
- Cellene – levande fabrikkar
- Sex – og det som kjem etterpå
Boka har ein oversiktleg struktur med informative overskrifter, engasjerande tekstar, spektakulære bilete og forklarande illustrasjonar. Eksperiment og varierte oppgåver viser teorien i praksis og sørgjer for at elevane gjer eigne erfaringar.
Naturfag 8–10 frå Cappelen Damm vekkjer nysgjerrigheit og læringsglede og gir elevane ei forståing som inspirerer dei til å bruke kunnskapen i sin eigen kvardag.