Mor mi er ein elg (Heftet)

Serie: Boksingel 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 28
Forlag: Flamme Forlag
Språk: Nynorsk
Serie: Boksingel
ISBN/EAN: 9788282883771
Omtale Mor mi er ein elg

Av og til sit mor mi i den teppelagde trappa og stirar rett fram. Kanskje er ho sliten. Kanskje ho er lei. Kanskje begge deler. Med min litle kropp set eg meg inntil ho. Seinare får me ein hund, Lotte. Ho er mjuk og god. Så er det ho mor lenar seg inntil.

Held hendene hennar, og vil så gjerne seie at eg elskar ho. Tenkjar, smakar på orda, men dei blir verande, der innerst, i min litle munn. På mi raude tunge.
Eg likar å gå på arbeidet til mor, skrive med kritt på tavlene, spele på pianoet i musikkrommet.

Kvar er det eg er, kjøkkenet kanskje, og mor mi er der, ho er sliten, trøyt og litt hissig. Medan ho eltar deigen i den store oransje plastbollen, dreg ho i deigen, og eg ser små hull gjæren har laga, så seier ho: det er ikkje sikkert at eg og far din skal vera saman for alltid. Ho bårer fingrane sine, med dei lange djuprøde neglene, inn i den mjuke deigen. Me kan også finne på å skilje oss, akkurat som alle andre.

Mor mi er ein elg og må gå sine eigne vegar.

Til toppen

Bøker i serien