Med fiskestonga i sekken er ei bok for den som går ein tur av til med seg fiskestonga i sekken - og som kjenn gleda ved å kaste agnet i eit stille fjellvatn. I boka har Klyve plukka ut 13 fisketurar han anbefaler lesaren å ta i områda Bergsdalsfjella og Stølsheimen, med tips om fiskemetodar, turruter, overnatting, kvar det er fint å ha med ungane og kvar ein får kjøpt fiskekort. Boka er også ei fin skildring om naturperler du finn i vårt "nære" turområde til glede for turgåaren. Klyve har sidan han sjølv var liten gut vore ein aktiv fiskar. I den daglege jobben sin som miljøvernrådgjevar har han også ansvaret for fiskeforvaltinga i Vaksdal kommune. Enkle fakta om fiskekultivering og fiskebiologi er difor også med i boka. Med fiskestonga i sekken er ei entusiastisk og rikt illustrert bok om fiskemetodar, fiskeplassar og naturglede! Dette er ei bok som det er berekna å ha med seg i sekken på tur og som ein også kan kosa seg med framfor peisen på kalde vinterkveldar når ein gleder seg til neste fiskesesong. Boka er utgitt i samarbeid med Bergen Turlag.