Iliaden er eit av hovudverka i verdslitteraturen. I dette eposet fortel Homer om dei dramatiske hendingane i det tiande året av trojanarkrigen. Vi følgjer krigarhelten Akilles, men møter også andre kongar og heltefigurar, mellom andre hærføraren Agamemnon og den tapre trojanaren Hektor. Eit stort drama med mange involverte speler seg ut, og gudar og gudinner må ofte gripe inn når lagnaden til krigsheltane skal avgjerast.
Eirik Vandviks omsetjing av Iliaden er i seg sjølv ein klassikar og blir rekna som ei av dei beste på norsk.