Gudstrua, samfunnet og politikken (Heftet)

Religiøs kultur på Nordvestlandet gjennom «det lange 1800-talet

Serie: Religionsfag Profil 52

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2026
Antall sider: 316
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Gudstrua, samfunnet og politikken
Serie: Religionsfag Profil
Serienummer: 52
ISBN/EAN: 9788202908997
Fag: Religion
Omtale Gudstrua, samfunnet og politikken

Tidsperioden mellom den franske revolusjonen og første verdskrigen kan karakteriserast som det «lange 1800-talet». Tida var prega av store brytningar og omskifte – samfunnet endra seg frå det tradisjonelle til det moderne. I dette forløpet oppstod ulike vekselverknader mellom religionen og andre delar av samfunnet, ikkje minst i høve sosiale og politiske problemstillingar. Innanfor eit landskap prega av modernisering og sekularisering stod den religiøse kulturen overfor endringar. Kva kan seiast om desse prosessane, og meir konkret: kva vegar, former og uttrykk fekk dei på den norske landsbygda?

Gudstrua, samfunnet og politikken er ei samling med vitskaplege granskingar som tar tak i denne overordna tematikken. Boka presenterer ny forsking om religiøs kultur på Nordvestlandet i ein omskifteleg og innhaldsrik historisk periode. Gjennom dei i alt ni kapitla kan du mellom anna lese om Haugerørsla, politiske prestar, folkehøgskular, bedehus, emissærar, profetinner, skulehaldarar, ynglingeforeiningar, organisasjonsliv og meir. Alt dette gir innsyn i korleis religiøs kultur gjorde seg gjeldande på fleire område. Dette indikerer igjen at religion og religiøsitet må inkluderast i analysen om framveksten av det moderne Noreg.

Religionsfag Profil er ein serie frå Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda. Boka er nr. 52 i serien.

Til toppen

Bøker i serien