Farshjarta av Stefan Zweig (Nedlastbar lydbok)

Farshjarta (Nedlastbar lydbok)

Forfatter:

Severin Eskeland (Oversetter)

Ingen angrerett. Nedlastbare lydbøker kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.

Forfatter:
Innbinding: Nedlastbar lydbok
Utgivelsesår: 2021
Innleser: Hellestveit, Endre
Spilletid: 1:15
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filformat: MP3
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
Oversatt av: Eskeland, Severin
ISBN/EAN: 9788202744212
Omtale Farshjarta

Han var midt imillom vaken og drøymande, og var ikkje retteleg god til å halda greida på seg sjølv. Det barst fyre han som det sikla noko vått og varmt einkvan stad ifrå og dropla stillt og sakte innetter, som han blødde seg sjølv ut i sitt eige blod. Han såg det ikkje, og det gjorde ikkje vondt; ikkje strøymde det på; stilt og seint risla og rann det, som tåror, og fall i dropar som sitpå slo ned beint i hjarta. Men i det djupe hjarta gav det ingen ljod, vart berre burte. Som ein svamp saug harta denne framande straumen inn i seg, vart tyngre og tyngre, og til til å svella ut so det kjøvde i bringa. Og etter kvart to det til å tyngja meir og meir, det to til å tøygja i tægene og strama musklane, so det rykte og gjorde vondt. Etter kvart voks det seg rise-stort og vart so tungt, so tungt! Og der (å kor det gjorde ilt!) - der losna det tunge! - der tok te til å siga. Og brått vart det so grufullt stilt på den staden der som dette varme, bankande hjarta hadde vore: der var eit tomt gap, uhugleg og kaldt. Og hol og svart som ei lik-kista kvelvde bringa seg kring dette mållause, uskynelege tomromet. So sterkt var han teken av denne draumkjensla, at han tok seg fyre med handi yver vinstre brystet og kjende etter um hjarta kanskje ikkje var der lenger...

Til toppen