Doppler av Erlend Loe (Lydbok-CD)

Doppler (Lydbok-CD)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Lydbok-CD
Utgivelsesår: 2004
Innleser: Loe, Erlend
Spilletid: 3:58
Antall enheter: 4
Forlag: Cappelen Damm Lydbok
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788202240967
Omtale Doppler

ROPET FRÅ SKOGEN

Andreas Doppler er ein mann i krise. Det finst mange romanar om slike, men ingen som heilt liknar på Erlend Loes siste verk. Skulle også berre mangle. For Erlend Loes romanpersonar er ikkje heilt som andre romanpersonar.

Doppler har heile livet vore flink, altfor flink. Han er også ein ivrig syklist. Og slik definerer han seg sjølv: "Jeg er syklist. Og jeg er ektemann og far og sønn og arbeidstaker. Og huseier. Og en mengde andre ting. Man er så mye."Ein dag ramlar han på sykkelen, og dermed tar livet ein heilt ny og uventa retning. Han har nyleg mist far sin og det går opp for han, der han ligg, at han aldri kjende han. Faren som i dei siste åra av livet fotograferte alle toaletta han hadde gjort sitt fornødne på.

Villmarksliv ved Ullevål
Doppler, fram til no ein ganske vanleg, vellykka mann med vellykka familie (det uvanlege ved han er at han har eit ekstremt stort kjønnsorgan), når fram til ny erkjenning. Og livet kan aldri meir bli det same. Han flyttar ut i skogen (om enn berre nokre hundre meter inn, han kan heile tida følgje med på ting som skjer på Ullevål stadion!), vekk frå familie og sivilisasjon, for å bu i telt og leve villmarkslivet. Bli ein skogens mann, rett og slett. Etter å ha vore med den Tolkien-dyrkande dottera på kino for å sjå Ringenes Herre, har han innsett at menneska byr han imot, med all si flinkheit. "Jeg liker ikke folk." 
 Slik begynner romanen:
 "Min far er død.
 Og i går tok jeg en elg av dage.
 Hva kan jeg si."
 Det ganske brutale elgdrapet fører noko godt med seg. Store mengder elgkjøt som eignar seg ypperleg til å bruke i det byttehandel-livet Doppler har kasta seg inn i, og endå viktigare – ein sann venn.

Dyrelotto
Den no morlause elgkalven knytter seg til Doppler, og det oppstår eit vennskap utan sidestykke i norsk litteratur. Elgen, som får namnet Bongo, etter faren ("Selv om min far ikke het Bongo skal kalven hete Bongo etter ham") følgjer med Doppler overalt, også på turane ned att til sivilisasjonen. Og det er mange rørande scenar, t.d. når mannen og elgen ligg heile dagen i teltet og småpratar, og når dei speler dyrelotto, som elgen ikkje heilt får tak på.
Men villmarkslivet blir ikkje heilt slik Doppler har tenkt seg. Sivilisasjonen og menneska trenger seg på. Og det dukkar opp, i tur og orden, eit persongalleri ein seint vil gløyme: Det einsame tyskarbarnet Düsseldorf, som bruker all si tid på å rekonstruere ein slagscene frå 2. verdenskrig, der faren fall. Innbrotstjuven Roger, som trur fullt og fast på at han skal unngå prostatakreft om han har nok sædavgangar. Den mislykka høgremannen Bosse Munch, som vil begynne eit nytt liv ved å leve i skogen og arrangere forsoningsfestival for menneske med ulike religionar. Og til slutt unge Doppler, Gregus, som har fått smaken på livet i skogen og rømmer frå barnehagen for å bu hos faren. Dei samlast alle i skogen, og til slutt blir det for folksamt for Doppler. Han må vidare, lenger inn i skogen. Men først må han byggje ein totempel til minne om faren …

Menneske og elg
Det kan sjå ut som Doppler er ein roman om det umulege. Det umulege i å melde seg ut av samfunnet. Sterkt understreka av at hovudpersonen lett får songar frå Barne-tv på hjernen, noko som nærmast driv han til vanvit. Ingenting kan øydeleggje eit autentisk villmarksliv som kjenningsmelodiane frå Teletubbies eller Bananer i pyjamas. Og Doppler er sjølv ein pådrivar til å få Düsseldorf til å stille opp i Norge rundt på tv, noko som får uventa og sørgjelege konsekvensar.
 Men det er også i høgste grad ein roman om vennskap. Mellom dei to mennene, Doppler og Düsseldorf, som begge sørgjer over fedrane sine, mellom far og son, og mellom menneske og elg.
 Og til sjuande og sist får alle personane i romanen forsonande og svært menneskelege trekk.

Løgn - et herlig virkemiddel
 Og om det ikkje har blitt klart til no: det er ein morosam og ganske absurd roman, ein av dei du kjem til å le mest og høgast av denne hausten. Heilt uanstrengt avløyser den eine kostelege episoden den andre. Her er høgdepunkt som dei mange samtalane mellom Doppler og Bongo, Doppler på foreldremøte på skulen til dottera, der han sterkt hevdar at elevane må få lov å drikke seg frå sans og samling og berre så vidt finne vegen tilbake til hotellet når dei skal på skuletur til Baltikum. Og det toppar seg når høgremannen Bosse Munch ikkje klarer å fornekte sin sanne natur, men tar med seg ein sekk lauv opp i skogen for å brenne det på provokatorisk vis på 1. mai.
 Og språkkunstnaren Loe klarer på same måte heilt uanstrengt å bevege seg mellom leik og alvor, mellom det innsmigrande og det undergravande. For tar ein Doppler på alvor, er det først og fremst eit undergravingsprosjekt han har, og eit merkeleg sympatisk eit. "Planen min er å kjede meg så lenge at jeg blir glad.” Og oppdaginga av at "løgn er et herlig virkemiddel." Ein kan seie noko og meine noko heilt anna, og det er jo, som han seier, fantastisk.
Ein må ta personane på alvor, samtidig som ein ikkje kan ta dei for alvorleg.
Det er ei bok som ein ikkje ønskjer skal ta slutt. Men det trøystefulle er at idet vi ser Doppler forsvinne mellom trestammene, saman med son og elg, meir enn antyder forfattaren at det kanskje ikkje er siste gong vi kjem til å møte han, ja at han når du minst ventar det vil dukke opp att i ei bok nær deg.

P.S. Ein ekstra bonus er at du garantert vil prøve å finne ut kva namnet ditt er på alvespråket. Sjølv heiter eg frå no av berre Echtelion Calmcacil.

Til toppen

Andre utgaver

Doppler
Bokmål Nedlastbar lydbok 2008
Doppler
Bokmål Lydbok MP3-CD 2008
Doppler
Bokmål Ebok 2010
Doppler
Bokmål Heftet 2018

Flere bøker av Erlend Loe: