Valskyldskapane av Johann Wolfgang von Goethe (Ebok)
Ebok

Valskyldskapane (Ebok)

Serie: Skalds klassikarar 

Forfatter:

Oskar Vistdal (Oversetter)

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2019
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.89 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Die Wahlverwandschaften
Oversatt av: Vistdal, Oskar
Serie: Skalds klassikarar
ISBN/EAN: 9788279593096
Omtale Valskyldskapane
Valskyldskapane er noko så sjeldan som ein eksperimentell kjærleiks-roman frå starten av 1800-talet. Som ein av dei store romanane om ekteskapsbrot skapte han oppstuss, blei sett på som usedeleg og sett i samanheng med det lause og lystige livet ein meinte Goethe sjølv levde. Karakteristisk for Goethes verk er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. I denne romanen ligg teorien om valskyldskapane av den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman i botnen.

Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med denne romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på denne epoken.

Johann Wolfgang von Goethe (1779-1832) er utan tvil den viktigaste forfattaren i tysk litteratur gjennom tidene, og han var ein sentral figur i den europeiske romantikken på 1700- og 1800-talet. Goethe var banebrytande i si tid, og han var ein frontfigur i den tyske litteraturepoken «Sturm und Drang» som var ein motstraum mot den franske klassisismen, tradisjonalismen og den dominerande rokokkostilen. Saman med Friedrich Schiller utvikla Goethe diktinga si i ei meir avklart og historisk orientert retning, og danna grunnlaget for det som seinare vart omtalt som Weimarer Klassik (weimarklassisismen).

Til toppen

Andre utgaver

Valskyldskapane
Nynorsk Fleksibind 2019
Bøker i serien