Syngja (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 231
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249505777
Omtale Syngja
"Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, song dei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydane hennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og me høyrde dei ikkje igjen". Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera. No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne? "Syngja" er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.

Til toppen

Vinner av Brageprisen 2012, skjønnlitteratur

Andre utgaver

Syngja
Nynorsk Ebok 2012
Syngja
Nynorsk Heftet 2023

Flere bøker av Lars Amund Vaage: