Skrifter i samling. Bd. 1 (Innbundet)

Serie: Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Antall sider: 222
Forlag: Aschehoug
Språk: Nynorsk
Serie: Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis
ISBN/EAN: 9788203184116
Omtale Skrifter i samling. Bd. 1
Som Arne Garborgs første skjønnlitterære bok reknar ein SMÅSTUBBER frå 1873, som han ga ut under pseudonymet "Alf Buestreng" i eit tillegg til Lærerstandens Avis. Innhaldet er to tekstar: Det dramatiske diktet "Hvem har ret"?, forma som ei samtale mellom representantar for ulike livssyn, og diktet "Ved en vugge", om framtida til eit spedbarn. BONDESTUDENTAR (1883) er Garborgs litterære gjennombrott, og med den romanen vann han seg eit namn i utlandet òg. I vår litteratur er denne boka blitt grunnforteljinga om bondesonen som bryt opp for å skape seg eit anna liv, intellektuelt og urbant. Men hovudpersonen Daniel Braut får store problem på vegen mot det han har lært er det ideale liv, og han svik både seg sjølv og si eiga klasse. Romanen har ei av dei viktigaste sosial- og kulturhistoriske skildringane i norsk dikting. ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Til toppen

Flere bøker av Arne Garborg:

Bøker i serien