Carl Frode Tiller (f. 1970) debuterte i 2001 med denne romanen, som straks vekte stor oppsikt blant kritikarar og lesarar. Boka vart blant anna innstilt til Brageprisen og kåra til P2-lyttaranes romanpris 2001 og Tarjei Vesaas. debutantpris. Ein ung mann sit på psykiatrisk institusjon, skuldig i kriminelle handlingar. Psykologen oppmodar han til å skrive, og etter kvert trenger vonde minne seg på. Med brutal realisme blir det fortalt om korleis ein barndom prega av kulde, avmakt og einsemd. Og gjennom hoveudpersonen sine intense forsøk på å halde verda saman, blir vi kjende med eit fortvila menneske. I eit nesten uhyggeleg syngande og ekspressivt språk krinsar denne romanen framfor alt rundt sorga over alt som kunne ha vore annleis.