Sildbøtta (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 267
Forlag: Communicatio forl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788292400982
Omtale Sildbøtta
Teodor Skille er namnet på ein ung gut som bryt opp frå fiskarfamilien på Fosen for å starte på gymnaset i Trondheim, sjølvaste Gerhard Schønings skole, på tampen av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild, ei gåve til hybelvertinna, som skal vise seg å vera ein gammal kjenning av faren.
Sildebøtta skaper forviklingar i møtet med byen og medelevane i klassen, men den symboliserer òg alt det Teodor ynskjer å ta farvel med. Han vil erobra byen, bykulturen og bli ein annan. Men møtet blir annleis enn han hadde trudd, og han hamnar etter kvart inn i ei turbulent tid, kulturelt og politisk, som endar i den dramatiske EEC-kampen og folkerøystinga i 1972.
Torvald Sund blandar alvor og skjemt i ein fengslande roman med tydelege tidsbilete av fargerike menneske, ein by, ein kultur og eit land med sterke brytningar. Språket står i ei særstilling, og forfattaren sjonglerar meisterleg og detaljert mellom nynorsk og bokmål, bygdemål og trondhjemsk, i både forfina og meir folkeleg form. Tittelen på romanen er i seg sjølv ein dialektvariant.
Nære og vare episodar blir brote opp av burleske opptrinn, noko som gjer romanen til ein sann svir å lesa.
Torvald Sund debuterte i 1979, og har skrive eit trettitals skjønnlitterære bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har òg ein omfattande dramaproduksjon, har motteke ein rekke prisar for sitt arbeid og er omsett til mange språk. Han har sidan 1987 hatt Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Til toppen

Andre utgaver

Sildbøtta
Nynorsk Heftet 2018

Flere bøker av Torvald Sund: