Menneske og møll (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 227
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234004643
Omtale Menneske og møll
Om å sleppe fri frå fortida.

Ein dag ringer far til Marianne og spør om ho har lyst på den gamle, rosemåla kista etter besteforeldra hennar. Dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Han har ikkje eingong helst på mannen hennar, og han har ikkje vist interesse for barnebarnet Astrid, som no er vaksen. Likevel reiser Marianne for å hente kista.

Møtet med den aldrande faren blir ikkje det siste. Han er skrøpeleg og klarer ikkje ta hand om seg sjølv. Den nye kona hans verkar uinteressert. Maktbalansen er rokka ved. No er det han som er liten og redd og får kjenne på redsla når nattemørket pakkar seg rundt han. Faren treng Marianne. Motvillig, men pliktoppfyllande, stiller ho opp, og ei mørk familiehistorie kjem til overflata.

Menneske og møll er ein roman om røter og familieband, om å bli fri frå si eiga fortid.

Kristin Tveiten (f. 1966) kjem frå Seljord. Menneske og møll er den første boka hennar..

Til toppen

Andre utgaver

Menneske og møll
Nynorsk Ebok 2021

Flere bøker av Kristin Tveiten: