Gull (Innbundet)

breva frå far min

Forfatter:

Grete Kleppen (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 185
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Or
Oversatt av: Kleppen, Grete
ISBN/EAN: 9788205378292
Omtale Gull
Ein av tre romanar med utspring i forfattarens eigne erfaringar, denne gongen med størst vekt på historia til faren. Gull .; breva frå far miner ei av tre bøker av Hélène Cixous som har utspring i hennar eiga familiehistorie. Saman med dei to andre, Osnabrück (1999, på norsk i 2003) og Blendverk. Opphavlege scenar(2000, på norsk i 2006), utgjer dei ikkje ein sjølvbiografi i tradisjonell meining, men viser i fiksjonaliserte glimt noko av bakgrunnen hennar. Romanen er, som dei andre ho har skrive, sett saman av fleire lag av tidsrom. Her er det breva frå far hennar som er kjernen i boka. Hélène Cixous vart fødd i Algerie i 1937 av ei tysk-jødisk mor og ein algerisk far som var lege. Han døydde tidleg av tuberkulose. Mange år etter finn plutseleg bror hennar ein pappeske i kjellaren med ukjende brev frå faren. Breva kjem som ein person til henne: «Dei ser på meg for første gong, breva frå far min som er så død og synet blendar meg som om eg såg det nakne andletet til elskaren min. Eg kan ikkje sjå på desse trekka utan å skjelve. For første gong skjøner eg at breva frå døde er udødelege. Dei skin så roleg som berre overlevande kan skine.»På ein måte som berre Cixous kan, blir dette startpunktet for utruleg fantasirike filosoferingar kring familie, tid og minne.

Til toppen

Flere bøker av Hélène Cixous: