Angen frå vår stutte tid (Innbundet)

ein studie i Tarjei Vesaas' forfattarskap

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 506
Forlag: Akademika
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788232100552
Omtale Angen frå vår stutte tid
Tarjei Vesaas er ein av dei fremste forfattarane i norsk og nordisk litteratur på 1900-talet. Denne monografien er den første i seinare tid som tar for seg eit stort utval av forfattaren sine romanar, noveller og dikt, og som dermed gir ei samla framstilling av forfattarskapen. Jamvel om boka legg vekt på heilskapen i forfattarskapen og forholdet mellom dei ulike tekstane, kan ho også lesast i delar, alt etter ulike lesarinteresser for bestemte tekstar eller sjangrar. Forfattaren studerer tekstane ut frå historiske, estetiske og litterære perspektiv, og boka vil vere interessant både for allment litteraturinteresserte, norsklærarar, litteraturstudentar og fagpersonar i høgre utdanning.
Steinar Gimnes (f. 1939) er professor emeritus ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU. Sidan hausten 1972 har han vore amanuensis, førsteamanuensis og professor ved NTNU i Trondheim. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om norsk litteratur og har spesielt arbeidd med forfattarskapane til Knut Hamsun, Cora Sandel, Camilla Collett og Tarjei Vesaas

Til toppen