Barnegjetinga i Noreg (Innbundet)

barns oppvekst- og livsvilkår som gjetarar

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 313
Forlag: Kolofon
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788230020647
Omtale Barnegjetinga i Noreg
Dette er historia om ei nestan gløymt og i ettertida lite påakta del av kulturhistoria. Soga om den norske barnegjetaren.

Frå mellomalderen og fram til mellomkrigstida var det tusenvis av born sitt pålagte arbeid å ta ansvar for husdyra på utmarksbeite. I alle typar terreng og i alt slags ver, gjekk det born på gjeting. Dei hadde ei lita eller ingen løn, kunne møte på større rovdyr, og dei var utan det «sikkerheitsnettet» som ein i dag prøvar å spinne kring kvar ein barndom.
Gjetarborna fekk ikkje vere born i ei meir moderne forståing av kva ein barndom er. Dei var barnearbeidarar i eit haustingsbasert jordbruk som brukte utmarka som garden si forlenga arm. Fortidas gjetarungar i Noreg og dagens barnearbeidarar i mange land har meir til felles enn kva forfedrane og dagens born i Noreg har. I boka kan du lese om betingelsane og vilkåra bak ein førmoderne barndom i eit jordbruksbasert samfunn. Innhausting og utmarksbruk var ein sentral del av gardsdrifta. Boka omhandlar fattigdomsproblem og den omhandlar positive sider ved barnegjetaren sin kvardag. Inga historie er heilt svart eller heilt kvit.

Aasmund Olavsson Vinje var barnegjetar lenge før han vart ein berømt forfattar og journalist. Både han og barnegjetaren Lars Skjegstad har større portrett i boka. Meistertjuven Ole Høiland var og gjetar. Tusenvis av born vandra i Agder, og ei nærsynt jente i Trøndelag ropte at bærplukkaren måtte sjå til å komme seg vekk frå setra sine moltebær, men bærplukkaren var ein bjørn. Boka har tatt for seg heile landet sin gjetarhistorie, og har freista å setje eit tverrfagleg fokus på barnearbeid i eldre tid i jordbruket.

Til toppen