Aldri redd for mørkets makt av Jørgen Norheim (Ebok)
Ebok

Aldri redd for mørkets makt (Ebok)

historia (s)om eit brotsverk

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2016
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.57 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252192797
Omtale Aldri redd for mørkets makt
Gåtefulle forsvinningar i Stalins Sovjet
Som liten gut får Tor Steinar Normann ideen om at han skal hjelpe bestemor: «Når eg blir stor, skal eg dra til Russland og finne bestefar for deg.» I 1929 drog bestefar hans som idealistisk kommunist til Russland for å byggje sovjetstaten. Der forsvinn han i ein av Stalins mange fangeleirar. Tor Steinar får på mange måter ein oppvekst som er typisk for etterkrigstida: han blir militærnektar, student og politisk aktivist - og etablerer seg som teknisk sjef i Øvre Valdres. Men ideen om å finne ut kva som skjedde med bestefaren, slepper aldri taket. På ei av sine reiser i det tidlegare Sovjetunionen forsvinn han sjølv.

Aldri redd for mørkets makt er ein roman om stalinismen, og tankegodset som nådde heilt inn i på norske studenthyblar på syttitalet. I glimt ser vi òg ei norsk familiehistorie over fire generasjonar. Kvar på sin måte tumlar romanpersonane med dei store spørsmåla: Kvifor valde eg som eg gjorde?

Til toppen

Flere bøker av Jørgen Norheim: